top of page
laftehytte
Velkommen til å bu på stølen

 

På stølen har vi ei laftehytte du og dine kan bu i, for ei natt eller to, eller så lenge du vil. Året rundt!
Hytta er lita og sjarmerande, med stor takhøgde og rikeleg med sjarm. Har du nokon gong berre sett deg ned, og høyrt kor stilt det er? Her har du sjansa.

Stølen og området rundt er uendeleg vakkert. Opplevinga med aktivt stølsliv er uforgløymeleg. Fjell, folk og dyr gjer noko med deg. No er aktiv støling så sjeldan, at det er kome på UNESCO si verdsarvsliste. 

Vi har hatt gjester frå heile verda, og tilbakemeldingane er eintydige, både frå nordmenn, franskmenn, australiarar, kinesarar og canadiarar:
det er befriande godt å ha det enkelt! 

Booking

Bestill enkelt via AirBnB på datoane du ynskjer, og få bekrefta di bestilling med det same!
Eller send oss ein e-post

Hytta er lita, men romsleg. Ho består av to rom; eit soverom og eit rom med kjøkken og stue. Det er høgt under taket, god gjennomlysning og plassen er godt utnytta. Utanfor er det stor platting med utemøblar og bålpanne. Her kosar gjestane våre seg utover i den lyse sumarnatta med god mat og drikke. Vinterstid forlengar bålpanna dagen fordi det då er så koseleg å grille pølser og varme seg med kakao rundt bålet medan skumringa sig på. 

Hytta har matkjeller og kjøleskap, og gassbluss til matlaging, og bålpanne til grilling/steiking ute.

Det er ei dobbeltseng og tre enkeltsenger. Hytta er perfekt for ein familie på tre eller fire. Mange av våre gjester kjem også i gruppe på fem, og alle reiser att strålande nøgde.

Året rundt er det aktivitetar å finne på: sykling, ski, fjellturar, bading, padling, fiske, grilling, leiking...

Du kjem garantert ikkje til å kjede deg!

 

skisse hytta

pris for heile hytta: 

  • kr 1150,- pr natt, inntil 5 personar

leige av sengetøy og håndkle: kr 150,- pr person

på hytta, inkludert i prisen:

  • ved, gass, stearinlys, tennbrikketter, fyrstikker

  • såpe, glasshåndkle, oppvaskutstyr, klut

  • dopapir

  • alt du treng på eit hyttekjøkken

  • brettspel, kortstokk, yatzy, nokre barnebøker og leiker 

  • mormors heimestrikka kosetøfler

  • pledd, dyner, puter

  • lommelykter til hyttebruk

  • fjellvatn i springen

du må ta med:

  • klede: frå bikini, til ull og vindtett

  • mat: alt du ynskjer å ete og drikke 

  • grillkol om du ynskjer å grille i bålpanna

  • sengetøy og håndkle, eller du kan leige av oss

bottom of page